Forfattaren, kulturarbeidaren og teatergründaren Hulda Garborg (1862-1934) var ei av dei mest kjende og offentleg aktive kvinnene i si tid. Likevel kom ho i konflikt med dei norske kvinnesakskvinnene som ho såg som både kvinnefiendtlege og seksualfiendtlege. Kvinner måtte bli “meir kvinner”, meinte ho, og ikkje “bli som menn”.
Hulda Garborg var feminist, men hennar feminisme henta inspirasjon frå heilt andre stader enn Norsk Kvinnesaksforening. Kva og kven som inspirerte henne? Det fortel biografen Arnhild Skre i Litterær Kafé 13. april.
Tid: Lørdag 13. april kl 14.00
Sted: Kulturhusgalleriet, Grimstad kulturhus
Inngang: 60,- kr, enkel servering




